torsdag 26. mai 2011

Ertesjokolade, advantageux og reFLEX

Går du deg vill i kosttilskotsjungelen??? Eg og!

Min smak er udiskutabel, dessutan er eg fitnessgudinne, og eg har ein heftig bra blogg. Derfor nyttar eg min posisjon til å slenga konstruktiv dritt om kosttilskot, nærare bestemt proteinpulver og då spesifikt desse her tre svinepelsane. Desse tre greiene her skal du styra langt unna dersom du har normale smaksløkar.


Å laga proteinpulver av erter i staden for myse er sjølvsagt bra for dei som ikkje tåler mjølkesukker. Men å tenka at sjokoladesmaken skal slå i hel ertesmaken er ikkje lika sjølvsagt. Var eg produsent ville eg smakt på produktet før eg lanserte det. Noko som openbert har vært heilt utenkeleg. Blærk!
Whey Maxx heiter den andre. Det kom i same slags påse som sekkar med hundefor ofte gjør, veide nesten fem kilo og smakar RÆVVA med søtning. Dessuten er den fransk, siden det står "advantageux" på den. Gøgg. Lika fullt har eg trøkt innpå ganske mykje dritt, den er over halvtom. Men det forblir den.



Reflex Whey hadde eg så lenge innbitt trua på at eg spiste det uten å kny. Men sidestilt med for eksempel mat er det LÅKT. Men etiketten har sånn refleksbakgrunn som skin i metalliske fargar, det er ganske stilig då.


No er desse tre gått vidare til andre ganar. Eg held meg til egg og gummibjørnar.

lørdag 9. april 2011

Gull und gummibären

Når ein ikkje berre trener for utsjånaden sin del (slik som Hilde gjer) men faktisk må fokusera på å prestera optimalt, er kosthald alfa og omega.

Ingerid har i mange månadar trent seg opp for å ta ein lett siger i Berlin Halvmaraton no i april (då dagen kom innsåg ho dessverre at det var det mange andre og som hadde gjort, og bestemte seg derfor for å gje sigeren til nokre unge utøvarar frå Kenya). Likevel sprang Ingerid sitt beste halvmaraton nokonsinne. Her deler ho sitt beste tips!


Ein må eta korrekte samansette måltider for å prestera under store fysisk anstrengelsar. Raske karbohydrater er uunnværlig under langdistanseløp. Derfor valde Ingerid å fokusera på nasjonalproduktet Gummibären frå Haribo på sin 21 kilometer lange tur gjennom Berlins gater.
Som lesarane kan sjå her på bildet har Ingerid berre ein einaste løpar foran seg, dette er takka vera gummigullbjørnane.

Dei fleste har vel fått med seg Gummibärens eminente innverknad på restitusjon, feittprosent, kroppssammensetning, atletisk utvikling og energitilførsel til glykogenlagrene. At gummibären er innbakt i den tyske nasjonalkjensla OG høyrer godt saman med overdreven kroppsfokus er godt eksemplifisert i ei scene frå Hedwig and the Angry Inch:



Studier har vist at å eta i samsvar med verda rundt deg er sunt. Derfor kan vi anbefala lesarane å fokusera på lokale produkt som gummibären, marmite eller veggiemite. Overdreven bruk kan ikkje forekomma.



I forrige kosthaldsinnlegg på Duggfrisk harding vart næringsinnhald etterlyst (saman med ein noko ufin antydning om at me ikkje er seriøse fitnessbloggarar, noko vi vil ha oss fråbedt!!). Grunnen til at vi utelatar dette er sjølvsagt ikkje fordi vi ikkje anar kva vi puttar i oss, men fordi vi føler at dette vert feil fokus. Vi er utøvarar av kroppsmodifikasjon og fysisk kompetanse som ligg på eit profesjonelt nivå. Vi ynskjer ikkje å bidra til at vanlege folk får eit auka fokus på kaloriar, karbs og feitt i jakten på den perfekte kroppen. Altså, berre fordi vi er besatt av trening og kosthald og legg ut lassevis av bilete av våre perfekte kroppar vil vi ikkje på nokon måte oppmuntre andre til å utvikla eit fordreid kroppsideal. Bare så det er sagt!!! Det vi derimot kan avsløra, er at det aller beste du kan eta for optimale prestasjonar er gummibären.

søndag 27. mars 2011

Duggfrisk harding nr. 2: Ingerid!



Duggfriske Harding nummer to heiter Ingerid og er her portrettert i klassisk glamourmodell-setting med havet som bakteppe, dog med anstendig mengde kle på seg. Ingerid var den første i vennegjengen som flytta vekk fra Odda, og har etterhvert slått seg ned i Vadsø.

Ingerid er òg den andre halvparten av Natural Born Chillers, og var i si tid med på å bevise at det kan bli for mye ost på ein pizza. Sidan den gong er ost bytta ut med hytteost og Ingerid har utvikla ein framifrå sjøldisiplin. Margit Sandemo er bytta ut med blader som inspirerer til effektiv muskelbygging og høgt proteinforbruk. Ho har rett og slett blitt ei fitnessgudinne, og Hilde er meir enn bare litt misunnelig! Målet om å bli bøff er godt innenfor rekkevidde, som bildet under viser!


Vi ser fram til mange treningsinnlegg med høgt faglig innhold fra Ingerid - ikkje minst når ho skal avgårde til Berlin og forsvare Norge si ære i det årlige halvmaratonet! Vi ønsker arvtakaren til Grete Waitz lykke til!

Presentert av: Hilde

mandag 14. mars 2011

Duggfrisk harding nr. 1: Hilde!

Hilde kjem frå Odda, og var den første av vennegjengen som fekk seg lappen og eigen bil.

Her er ho avbilda under ei charter-ferie på Gran Canaria saman med nokre flotte blomar som ho blomstrar om kapp med.

Hilde har ein framifrå fitness-profil, ho er nemlig veldig sterk sånn heilt av seg sjøl, sjøl om ho aldri har testa sine maksløft, og Ingerid er litt misunnelig. Andre ting ved Hilde som er verdt å nevna er at ho har veldig tjukt hår, likar å sjå film, bannar for den minste lille ting og hatar shabby chic- stilen. Det ho derimot likar er shabby charter og ikkje minst cougar-stilen! Sjølv om Hilde berre er 29 år ser ho for seg ein lysande cougar-karriere som snart skal skyta fart. Ho har allereie store solbriller, leopard-sarong, ekte klokka og bling. Ho har og veldig høg inntekt (synst Ingerid) og snart ei ekta Mulberry-veska. Ho øver iherdig på slibrige tilrop og tuting på unge gutar, og fekk dessutan perfeksjonert sin snuskete "Hola" under charter-opphaldet.

Vi veit enno ikkje om Hilde er insulinresistent eller laktoseintolerant, og kan derfor ikkje avsløra noe spesifikt kostholdsregime. Om ho vil kjøra hardt på LCHF-dietten, gå for supermat, raw food eller proteinsparende modifisert periodisk faste-opplegget som er meget populært blant oss fitnessbabes er enno usikkert. Følg med så får du se! Men vi kan avsløra at ho er veldig glad i Ice Tea Lemon-dietten og skeptisk til torsk og brokkoli.

Hilde er i disse dager i ferd med å lansere sitt nye fitness-concept, det blir awesome! :D

Presentert av: Ingerid

PS: Hilde tar enno ikkje imot PT-kunder fordi ho er meget opptatt med å drille inn egen form, men du kan sette deg på venteliste ved å kommentera under!