lørdag 9. april 2011

Gull und gummibären

Når ein ikkje berre trener for utsjånaden sin del (slik som Hilde gjer) men faktisk må fokusera på å prestera optimalt, er kosthald alfa og omega.

Ingerid har i mange månadar trent seg opp for å ta ein lett siger i Berlin Halvmaraton no i april (då dagen kom innsåg ho dessverre at det var det mange andre og som hadde gjort, og bestemte seg derfor for å gje sigeren til nokre unge utøvarar frå Kenya). Likevel sprang Ingerid sitt beste halvmaraton nokonsinne. Her deler ho sitt beste tips!


Ein må eta korrekte samansette måltider for å prestera under store fysisk anstrengelsar. Raske karbohydrater er uunnværlig under langdistanseløp. Derfor valde Ingerid å fokusera på nasjonalproduktet Gummibären frå Haribo på sin 21 kilometer lange tur gjennom Berlins gater.
Som lesarane kan sjå her på bildet har Ingerid berre ein einaste løpar foran seg, dette er takka vera gummigullbjørnane.

Dei fleste har vel fått med seg Gummibärens eminente innverknad på restitusjon, feittprosent, kroppssammensetning, atletisk utvikling og energitilførsel til glykogenlagrene. At gummibären er innbakt i den tyske nasjonalkjensla OG høyrer godt saman med overdreven kroppsfokus er godt eksemplifisert i ei scene frå Hedwig and the Angry Inch:



Studier har vist at å eta i samsvar med verda rundt deg er sunt. Derfor kan vi anbefala lesarane å fokusera på lokale produkt som gummibären, marmite eller veggiemite. Overdreven bruk kan ikkje forekomma.



I forrige kosthaldsinnlegg på Duggfrisk harding vart næringsinnhald etterlyst (saman med ein noko ufin antydning om at me ikkje er seriøse fitnessbloggarar, noko vi vil ha oss fråbedt!!). Grunnen til at vi utelatar dette er sjølvsagt ikkje fordi vi ikkje anar kva vi puttar i oss, men fordi vi føler at dette vert feil fokus. Vi er utøvarar av kroppsmodifikasjon og fysisk kompetanse som ligg på eit profesjonelt nivå. Vi ynskjer ikkje å bidra til at vanlege folk får eit auka fokus på kaloriar, karbs og feitt i jakten på den perfekte kroppen. Altså, berre fordi vi er besatt av trening og kosthald og legg ut lassevis av bilete av våre perfekte kroppar vil vi ikkje på nokon måte oppmuntre andre til å utvikla eit fordreid kroppsideal. Bare så det er sagt!!! Det vi derimot kan avsløra, er at det aller beste du kan eta for optimale prestasjonar er gummibären.

2 kommentarer:

  1. Er det sånne omega3 gullbjørnar dette?

    SvarSlett
  2. Nei. Fiskeolje bør komma i kapselform (vårt offisielle standpunkt).

    SvarSlett