søndag 27. mars 2011

Duggfrisk harding nr. 2: Ingerid!



Duggfriske Harding nummer to heiter Ingerid og er her portrettert i klassisk glamourmodell-setting med havet som bakteppe, dog med anstendig mengde kle på seg. Ingerid var den første i vennegjengen som flytta vekk fra Odda, og har etterhvert slått seg ned i Vadsø.

Ingerid er òg den andre halvparten av Natural Born Chillers, og var i si tid med på å bevise at det kan bli for mye ost på ein pizza. Sidan den gong er ost bytta ut med hytteost og Ingerid har utvikla ein framifrå sjøldisiplin. Margit Sandemo er bytta ut med blader som inspirerer til effektiv muskelbygging og høgt proteinforbruk. Ho har rett og slett blitt ei fitnessgudinne, og Hilde er meir enn bare litt misunnelig! Målet om å bli bøff er godt innenfor rekkevidde, som bildet under viser!


Vi ser fram til mange treningsinnlegg med høgt faglig innhold fra Ingerid - ikkje minst når ho skal avgårde til Berlin og forsvare Norge si ære i det årlige halvmaratonet! Vi ønsker arvtakaren til Grete Waitz lykke til!

Presentert av: Hilde

3 kommentarer:

  1. Det må nevnes at dette bildet er tatt OFF-SEASON!!!

    SvarSlett
  2. Hehehe!

    I morgon skal eg forresten prøva min første proteinshake etter trening, sei frå dersom de ønskjer ein omtale;)

    SvarSlett
  3. Ja det er på høg tid med ein gjestebloggar! Håper det er Mutant Mass fra Kinsarvik du har :P

    SvarSlett