
Hilde kjem frå Odda, og var den første av vennegjengen som fekk seg lappen og eigen bil.
Her er ho avbilda under ei charter-ferie på Gran Canaria saman med nokre flotte blomar som ho blomstrar om kapp med.
Hilde har ein framifrå fitness-profil, ho er nemlig veldig sterk sånn
heilt av seg sjøl, sjøl om ho aldri har testa sine maksløft, og Ingerid er litt misunnelig. Andre ting ved Hilde som er verdt å nevna er at ho har veldig tjukt hår, likar å sjå film, bannar for den minste lille ting og hatar shabby chic- stilen. Det ho derimot likar er shabby charter og ikkje minst cougar-stilen! Sjølv om Hilde berre er 29 år ser ho for seg ein lysande cougar-karriere som snart skal skyta fart. Ho har allereie store solbriller, leopard-sarong, ekte klokka og bling. Ho har og veldig høg inntekt (synst Ingerid) og snart ei ekta Mulberry-veska. Ho øver iherdig på slibrige tilrop og tuting på unge gutar, og fekk dessutan perfeksjonert sin snuskete "Hola" under charter-opphaldet.
Vi veit enno ikkje om Hilde er insulinresistent eller laktoseintolerant, og kan derfor ikkje avsløra noe spesifikt kostholdsregime. Om ho vil kjøra hardt på LCHF-dietten, gå for supermat, raw food eller proteinsparende modifisert periodisk faste-opplegget som er
meget populært blant oss fitnessbabes er enno usikkert. Følg med så får du se! Men vi kan avsløra at ho er veldig glad i Ice Tea Lemon-dietten og skeptisk til torsk og brokkoli.
Hilde er i disse dager i ferd med å lansere sitt nye fitness-concept, det blir awesome! :D
Presentert av: Ingerid
PS: Hilde tar enno ikkje imot PT-kunder fordi ho er meget opptatt med å drille inn egen form, men du kan sette deg på venteliste ved å kommentera under!